Nyheter

Reg bedømmelse i Møre og Romsdal

By november 23, 2020 No Comments

Haust-utstlillinga til Møre og Romsdal KAL har blitt avlyst 2 gonger i 2020. Først måtte Dyregoddagane i Batnfjorden avlysast. Nå sist var det utstillinga i Hjørungavåg som måtte gi tapt for Coronarestriksjonar.

Som ei nødløysing fekk vi i stand ei registreringsutstilling for medlemmene våre den 21.11 slik at vi kunne få ein dommar til å vurdere dei ungdyra som vi har avla fram denne sesongen.

Sturle var hyra inn som dommar, og han bedømte 83 dyr av 5 ulike rasar i løpet av dagen.

Av utstillarane var det «den harde kjerne» Stian , John Reidar, Familien Sundgot og Bjarne + nybegynnaren Trygve Moxness som viste fram dyra.

Stemninga var god, og oppdrettarane sette stor pris på å få ei profesjonell vurdering av dyra. Sturle var som alltid i godt humør og bidrog til den gode stemninga.

Premieliste-Kl L Møre 21.11.2020

Katalog Møre og Romsdal

 

Leave a Reply